
Hardanger BTK stilte med heile tolv deltakarar i Stord Cup, som vart arrangert i Stord idrettspark laurdag. Det er lenge sidan me har hatt så mange deltakarar med i ei turnering, og det fortel om mange aktive i klubben vår etter at me fekk eigen hall. Våre deltakarar oppnådde også fleire flotte resultat!
Jan Roger Andersson gjekk heilt til topps i herrar open, etter å ha slått førsteseeda Anders Hovden frå Laksevåg BTK 3-1 i finalen! Jan Roger sikra seg også tredjeplass i herrar dobbel saman med makker Kristoffer Lien Aasheim frå Stord BTK.
Erik Doval gjekk heilt til topps i herrar dobbel saman med makker Thomas Sæverud frå Stord BTK! Kestutis Barauskas og Håvard Markhus vart nummer tre i same klasse.
I nybyrjarklassen var det ein rein Hardanger-finale i B-sluttspelet. Jardar Fykse gjekk til topps etter å ha slått Kristoffer Fonnaland i ein jamnspelt og spennande finale!
Ein av dei andre som representerte Hardanger BTK i turneringa var Kjetil Sætre. Vår tidlegare trenar, spelar og sivilarbeidar er tilbake i klubben etter ein del sesongar i andre klubbar. Han slo sin nye klubbkamerat Kestutis Barauskas i ein rysare i herrar open, men gjekk ikkje vidare frå puljespelet.
Felix van der Leest, Jeannette Huttenlocher, Jannik Huttenlocher, Aodne Valland og Dovydas Drungilas deltok også. Alle viste heiderleg innsats, men ingen av desse kom vidare i sine klassar.
I Hardanger BTK ser me det som svært gledeleg at mange no vil delta i stemne og seriespel! I seriespel skal me denne sesongen ha med fire lag, og det kan me nesten ikkje hugsa å ha hatt tidlegare!
Neste turnering er eit regionalt stemne i Bergen laurdag 05. november. Same dag spelar klubben eliteseriekampar i Bergen. Dagen etter er det eliteseriekamp med trening og servering i Norheimsund. Sjå eigne saker om desse arrangementa. Me håpar mange vert med!



