Klar siger i serieopninga i 4. divisjon!

Frå venstre: Kestutis, Håvard og Vegard

Hardanger BTK 2 spela fredag sesongens første kamp i 4. divisjon. Laksevåg 5 var motstandar i Laksevåg Bordtennishall i Bergen, og me vann komfortabelt 8-2! HBTK 2 stilte med Kestutis Barauskas, Håvard Markhus og Vegard Markhus. Kestutis spela sin første seriekamp for klubben vår. Sigrane kom ved Kestutis (3), Håvard (3), Vegard og dobbelparet Kestutis/Vegard. Dei to tapa kom i jamne kampar – det eine med 3-2 og 11-9 i avgjerande sett – så me var nærare 10-0 enn kva Laksevåg var poeng.

Også i fjor møtte me Laksevåg 5 i serieopninga. Då var det dei som vann 8-2.

Hardanger BTK 2 gjekk dermed rett til topps på tabellen! Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Neste kamp er ein heimekamp mot Bergen PIL 2. Datoen er ikkje bestemt. Det vert truleg den første seriekampen i Hardanger Bordtennishall.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.