Bordtennis på idrettsskulen!

I løpet av dei siste tre vekene har tre ulike grupper frå Kvam LSK sin idrettsskule hatt kvar si økt med bordtennis. Til saman har vel tretti born fått prøva bordtennis. Hardanger BTK har stilt med fleire instruktørar og sparringspartnarar, og hatt eit variert opplegg med speling, triksing og leikar. Alle har også fått prøva bordtennisroboten. No håpar me at fleire av borna vil fortsetja med å spela bordtennis i klubben vår!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.