Viktig info om helga!

Denne helga skjer det mykje i Hardanger BTK!

Laurdag er ti spelarar frå klubben påmeldt til eit regionalt stemne i Haukelandshallen i Bergen. Spelarane har fått tilsendt info på mail.

Laurdag spelar eliteserielaget vårt to kampar i Olsvikhallen i Bergen.

Sundag spelar eliteserielaget vårt heimekamp i Norheimsund idrettshall. Laksevåg BTK er motstandar, og kampen startar kl. 11.00. Hardanger BTK vil streama kampen på vår facebookside. På hbtk.no vert det live resultatservice. Me har invitert medlemer til kampen, og til gratis mat og drikke samt trening etterpå. Sjå eiga sak om det. Mange har meldt seg på! Dersom fleire ynskjer å vera med bed me om at desse melder seg på Bente Maubach (bente.maubach@dukamail.no) i løpet av fredagen. Dersom nokon har allergiar som me skal ta omsyn til bed med om at dei melder dette til Bente i løpet av fredagen.

Familie, vener og andre er sjølvsagt også velkomne, men tilbodet om trening og gratis mat og drikke gjeld kun medlemer. Andre vil kunna kjøpa brus, kaffi og kaker. Det er mogleg å koma utan å ha meldt seg på, men me ynskjer påmelding frå alle som vil ha gratis mat.

Kampprogram og meir informasjon om eliteserien vert lagt ut på hbtk.no i løpet av fredagen.

Sundag vert det ikkje open hall i Hardanger Bordtennishall grunna arrangementet vårt i Norheimsund idrettshall.

Me ynskjer spelarane våre lukke til – både i turneringa og i eliteserien!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.