Klart for neste runde i eliteserien!

Frå venstre: Raif, Jack, Jan Roger og Roger er klare for nye eliteseriekampar.

Hardanger BTK er klare for sine neste eliteseriekampar. Laurdag spelar me to kampar i Bergen, og sundag ein kamp i Norheimsund.

Laurdag møter me Fokus BTK kl. 10.30 og B-72 kl. 14.30. Kampane vert spela i Olsvikhallen i Bergen.

Sundag møter me Laksevåg BTK kl. 11.00. Dette er sesongens einaste heimekamp, og kampen vert spela i Norheimsund idrettshall. Hardanger BTK vil streama kampen på vår facebookside. På hbtk.no vert det live resultatservice.

Kampprogrammet for heimekampen finn du her.

Les meir om helgas kampar her.

Det vert gratis inngang og ein enkel kiosk. For eigne medlemer vert det gratis mat og trening etter kampen. Sjå eigne saker om det.

Vel møtt til spelarar, leiarar, dommarar, funksjonærar, presse og publikum! Me ser fram til ei spennande helg!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.