Flotte plasseringar i regionalt stemne!

Dei yngre spelarane frå Hardanger BTK hevda seg veldig godt i turneringa! Ein del av dei viste også fram våre nye drakter.

Hardanger BTK stilte med ein stor tropp i eit regionalt stemne som vart arrangert i Haukelandshallen i Bergen laurdag. Ni spelarane frå klubben deltok. Våre deltakarar oppnådde også fleire flotte resultat!

I nybyrjarklassane dominerte Hardanger BTK! I eldre nybyrjar vart det andreplass på Levi Mong, etter at han slo klubbkamerat Sandar Lyssand i ein jamnspelt semifinale. Dermed vart det tredjeplass på Sandar. Den plasseringa delte han med Kristoffer Fonnaland. HBTK hadde dermed tre av dei fire beste spelarane i klassen! Me tek også med at Sandar vann 3-0 mot klassevinnaren i puljespelet.

I yngre nybyrjar vart Kaleb Mong nummer to! I finalen tapte han knepent mot ein spelar han slo i puljespelet.

Totalt vart det altså fire pallplasseringar på Hardanger BTK i nybyrjarklassane. Me må minst eit ti-år tilbake i tid for å finna sist me gjorde det så godt i desse klassane!

I gutar 13 vart det ein flott tredjeplass på Felix van der Leest! I gutar 11 imponerte våre to deltakarar. Frede Korshavn Vikesdal vart nummer tre og Kaleb Mong nummer fire. Begge tok også sett mot høgt rangerte spelarar.

I gutar 15 gjekk Sandar Lyssand vidare frå puljespelet, før han tapte mot klassevinnaren i første runde i sluttspelet og vart nummer fem. I herrar d gjekk Håvard Markhus vidare frå puljespelet og vart nummer fem.

Gustav Korshavn Vikesdal og Kristian Fjose Steinstø deltok også. Dei viste heiderleg innsats og godt spel, men gjekk ikkje vidare frå puljespelet.

I Stord cup for to veker sidan deltok mange av våre vaksne medlemer samt nokre yngre. Denne helga deltok flest yngre frå klubben vår. Det er lenge sidan sist me deltok med åtte yngre spelarar i ei turnering. Gjengen viser også lovande takter både med tanke på spel, resultat, innsats og oppførsel! Fleire av dei imponerer også mot langt høgare rangerte spelarar. Me i Hardanger BTK kan vera veldig godt nøgde med turneringa!

Neste turnering er eit Norges Cup-stemne i Lørenskog førstkomande helg. Same helg spelar me også 5. divisjonskampar i Bergen.

Frå venstre: Kaleb og Levi Mong sikra seg kvar sin andreplass i helga. Brørne har tidlegare spela I Rosseland BTK
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.