Ingen poeng, men god stemning!

Frå venstre: Roger, Jack, Raif og Jan Roger

Det vart ingen poeng på Hardanger BTK sitt førstelag under helgas serierunde i eliteserien (Stiga-ligaen). Det vart tap både i Bergen laurdag og under sundagens heimekamp i Norheimsund idrettshall. Likevel vart sundagens arrangement svært vellukka, med godt oppmøte av klubbens medlemer og god stemning!

Me stilte i helgas kampar med Roger Andersson, Raif Rustemovski, Jan Roger Andersson og spelande lagleiar Jack Feng.

Helgas serierunde starta med to kampar i Olsvikhallen i Bergen laurdag. Me tapte først 6-0 mot Fokus BTK. Raif var svært nære siger, då han tapte 3-2 og med 12-14 i avgjerande sett i sin singelkamp. HBTK tok også sett i tre av dei andre kampane. Seinare på dagen vart det 6-1-tap mot B-72. Sigeren kom ved Roger. I denne lagkampen tapte me tre kampar i femte og avgjerande sett. Poeng var med andre ord innan rekkevidde i denne kampen.

Sundag var det klart for sesongens einaste heimekamp i Norheimsund idrettshall. Laksevåg BTK var motstandar. Dei vann 6-0, men heimelaget sørga for spenning i starten av lagkampen. Både Roger og Jack tapte nemleg 3-2 i dei to første kampane. Jack sin motstandar var presidenten i Norges Bordtennisforbund, Christian Ibenfeldt, og Jack var nære ein overraskande siger. Med litt meir marginar kunne det altså ha stått 2-0 til oss i staden for til Laksevåg BTK etter to spelte kampar, men uansett vann bortelaget lagkampen fortjent.

Totalt tapte HBTK seks kampar i siste og avgjerande sett i løpet av helga. Fleire av dei avgjerande setta var svært jamne, men me hadde diverre ikkje marginane med oss. Elles så må me ta med at me denne helga møtte tre lag som alle ligg på øvre del av tabellen.

I kåringa av årets lagspelar er Roger nummer elleve etter helgas kampar.

Hardanger BTK ligg sist på tabellen med eitt poeng og kampkvote 13-41 etter sju spelte kampar. Snarøya BTK på plassen over oss har to poeng. Laget på siste plass rykkjer ned, medan laget som kjem nest sist blant dei åtte laga må spela kvalifisering for å unngå nedrykk. Det er framleis fullt mogleg å behalda plassen i eliteserien.

Over førti medlemer var til stades under sundagens kamp! Etter kampen var det trening for alle som ville, og klubbens unge medlemer fekk trena med eliteseriespelarane. Det var også gratis mat og drikke – pizza, vårrullar, kaker, brus og kaffi – til alle medlemer. Stemninga var veldig god, og det var nesten vanskeleg å få folk til å gå heim!

Hardanger BTK gjennomførte eit godt arrangement med speakerteneste, kiosk, live streaming og live resultatservice under kampen. Ikkje minst hadde me godt oppmøte av klubbens medlemer, og ei vellukka samling med trening og mat etter kampen.

Svein Egenberg og Sverre Valderhaug var dommarar i helga.

Klubbmedlemer har bidrege med flott dugnadsinnsats både før, under og etter sundagens kamp. Hardanger BTK takkar spelarar, leiarar, dommarar, dugnadsarbeidarar og sponsorar! Dei neste kampane våre vert spela i Oslo 21.-22. januar.

Terminliste med resultat samt tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

President i Norges Bordtennisforbund Christian Ibenfeldt og leiar i Laksevåg BTK Otto Hatlebakk inspiserte Hardanger Bordtennishall før dagens eliteseriekamp i Norheimsund.
Klubbens yngre spelarar fekk trena med eliteseriespelarane.
Raif i kamp mot Jimmy Ojakangas. Sistnemnde er rangert som nummer to i Noreg.
HBTK-spelarane diskuterer taktikk.
Roger fekk ein pakke twist av klubben. Det får alle klubbmedlemer som tek NM-medalje. Utdelar var Jeannette Huttenlocher. Kanskje vert det Emma som får twist av klubben ein gong i framtida?
Dagens bursdagsbarn – Jardar Fykse – fekk kake!
Pizzaen var populær!
Minibordet var populært.
Hallen var full av bord og fornøgde medlemer!
Jeannette og Emma i sving.
Kestutis Barauskas instruerer Jardar Fykse og Gustav Korshavn Vikesdal.
Maten var populær.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.