Tre poeng i serieopninga i 5. divisjon

Bak frå venstre: Dovydas, Aodne og Lars Henrik. Framme frå venstre: Jannik, Sandar, Gustav og Jeannette

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon spela laurdag sesongens første kampar. Bergen PIL 3 og Heros 4 var motstandarar i Bergen.

HBTK 3 stilte med fire spelarar som spela om lag like mykje; Sandar Lyssand, Gustav Korshavn Vikesdal, Jannik Huttenlocher og spelande lagleiar Jeannette Huttenlocher. Laget tapte først 10-0 mot Bergen HIL 3. Våre spelarar vann tre sett til saman, og var aldri i nærleiken av poeng mot eit sterkt Bergen PIL-lag. Seinare på dagen vann laget 8-2 mot Heros 4. Sigrane kom ved Sandar (3), Jannik (2), Jeannette, Gustav og dobbelparet Sandar/Gustav. I tre av kampane vann me 3-2 – blant anna slo både Sandar og Jannik ringreven Don Alexander 3-2. Jannik vann like godt 3-2 i begge kampane han spela i denne lagkampen. Denne lagkampen var såleis jamnare enn kva sluttresultatet kan tyda på, men uansett vart det ein sterk siger til HBTK 3!

HBTK 4 stilte med Dovydas Drungilas, Lars Henrik Mo og spelande lagleiar Aodne Valland. Laget spela først uavgjort 5-5 mot Heros 4. Sigrane kom ved Lars Henrik (2), Aodne, Dovydas og dobbelparet Aodne/Dovydas. Dobbelparet sikra sigeren då dei slo eit par sett saman av to spelarar som begge tapte mot i singel! Begge laga vann ein kamp 3-2. Seinare på dagen tapte HBTK 4 9-1 mot Bergen PIL. Sigeren kom ved Lars Henrik. I tillegg tapte me to kampar i avgjerande sett.

HBTK 3 ligg på andreplass på tabellen etter helgas kampar, medan HBTK 4 ligg sist på tabellen. Fire lag er med i avdelinga, og laga skal møtast fire gonger. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Me er veldig godt nøgde med at begge laga tok poeng, og at alle spelarane på laga vann kampar!

Den neste kampen vert ein internkamp mellom dei to laga våre. Dato er ikkje bestemt.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.