Viktig info om fakturering og Fritidskonto!

Hardanger BTK er endeleg klare til å senda ut fakturaer på medlemskontingent og treningsavgift. Årsaka til at dette ikkje skjer før no er at me har venta lenge på at Friskus – leverandør av Fritidskonto – skulle gjera diverse endringar i systemet. No er alt dette på plass, og det vil vera mogleg for alle frå 6-18 år å betala medlemskontingent, treningsavgift og eventuelt lisens via Fritidskonto.

Klubben sender no ut fakturaer på medlemskontingent og treningsavgift.

Spelarar som skal betala lisens får tilsendt faktura på dette frå Noregs bordtennisforbund.

Under «Medlemsinfo» i menyen øvst på sida finn du info om blant anna medlemskontingent, treningsavgift, medlemsskap, forsikring, lisens og Fritidskonto. Ein del av infoen er no oppdatert.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.