Stiga Norgescup i Bergen

Helga 14.-15. januar 2023 arrangerer Sportsklubben Heros og Fjellkameraterne Stiga Norgescup i Haukelandshallen i Bergen. I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar pr dag, og det kostar mellom 110 og 260 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, men ikkje nybyrjarklasse.

Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Roger (40100194, roger@hbtk.no) seinast 15. desember.

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

NB: Alle som er fødd i 2010 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.