Hardanger BTK hadde onsdag besøk av Jan Berner frå Norges Bordtennisforbund og verdsmeister og paralympisk meister Tommy Urhaug. På dagtid hadde duoen bordtennistimar med fjerde og femteklassane ved Norheimsund Skule. Endre Furu og Jack og Simon Feng frå klubben var med på skulebesøket. Lokalavisa Hordaland Folkeblad var også på plass. Rundt nitti elevar fekk instruksjon i løpet av skuledagen.
Tommy returnerte til Manger etter nokre timar med bordtennisinstruksjon og masse autografskriving, medan Jan også var med på klubbtreninga om ettermiddagen. Der var me til saman atten spelarar, noko som er ny rekord denne sesongen! Det vart også tid til bordtennisdiskusjonar med leiarar og spelarar i klubben.
Torsdag skal Jan på skule og klubbesøk hjå Strand Ulv IL på Hatlestrand, før han reiser vidare til Stord og Egersund på si rundreise i vest.
Hardanger BTK takkar Jan og Tommy for besøket, og ynskjer dei velkomne tilbake ein annan gong!










