Vellukka klubbesøk

Håvard og Jan saman med nokre av dei ivregaste Harding-medlemene

Håvard Markhus og Jan Visser besøkte onsdag den nystarta bordtennisgruppa i IL Harding i Kinsarvik. Me gjennomførte ei vellukka trening med om lag ti Harding-medlemer – både ungdomar og vaksne.

Me viste teknikk og ulike leikar og øvingar og trente litt med alle. Etterpå var det pizza og samtale om framtida til den nystarta klubben saman med nokre av dei vaksne. Me ynskjer klubbleiar Torbjørn Hustoft og resten av gjengen lukke til vidare!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.