Fire poeng i 5. divisjon

Bak frå venstre: Jeannette, Jannik, Antanas og Aodne. Framme frå venstre: Gustav, Sandar, Felix og Levi.

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon spela laurdag to heimekampar i Hardanger Bordtennishall. Bergen PIL 3 og Heros 4 var motstandarar.

HBTK 3 stilte med Sandar Lyssand, Gustav Korshavn Vikesdal, Jannik Huttenlocher og spelande lagleiar Jeannette Huttenlocher. Laget vann først 8-2 mot Heros 4. Sigrane kom ved Sandar (2), Gustav, Jannik og dobbelparet Sandar/Gustav. I tillegg vann me tre kampar på w-o, då Heros stilte med berre to spelarar. Etterpå tapte laget 7-3 mot Bergen PIL 3. Sigrane kom ved Jannik, Gustav og dobbelparet Jannik/Jeannette. I tillegg tapte Jannik ein kamp i avgjerande sett og me tok sett i fleire kampar, så poeng i lagkampen var innan rekkjevidde.

HBTK 4 stilte med Felix van der Leest, Levi Mong, Antanas Budzius og spelande lagleiar Aodne Valland. Laget tapte først 6-4 mot Bergen PIL 3. Sigrane kom ved Antanas (3) og dobbelparet Antanas/Levi. I tillegg tapte Aodne to kampar i avgjerande sett og me tok sett i eit par kampar til, så me var veldig nære poeng i denne kampen. Seinare på dagen vann HBTK 4 7-3 mot Heros 4. Sigrane kom ved Felix, Aodne, Antanas og dobbelparet Aodne/Antanas. I tillegg vann me tre kampar på w-o.

HBTK 4 ligg på andreplass på tabellen etter helgas kampar, medan HBTK 3 ligg på tredjeplass. Fire lag er med i avdelinga, og laga skal møtast fire gonger. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Me er veldig godt nøgde med at begge laga vann kvar sin lagkamp, og at alle spelarane på laga vann minst ein kamp!

Den neste kampen vert ein internkamp mellom dei to laga våre førstkomande sundag.

Det vart spela seriekampar på fire bord samstundes for første gong i Hardanger Bordtennishall. Fleire trenarar, foreldre og andre interesserte hadde også teke turen!
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.