Medlemer og andre som ynskjer å sjå bordtennis på akkurat passeleg høgt nivå har gode dagar i vente. Laurdag, sundag og måndag er det heimekampar i Hardanger Bordtennishall i 4. og 5. divisjon.
Laurdag 10. desember vert det kamp mellom Hardanger BTK 2 og Bergen PIL 2 i 4. divisjon. Kampen startar kl. 11.00
Sundag 11. desember møtest dei to laga våre i 5. divisjon til kamp. Kampen startar kl. 17.30.
Denne kampen kjem til å gå inn i tida der me har open hall. Det vil likevel vera plass til andre som vil spela. Det vert difor open hall som vanleg kl. 18.30.
Måndag 12. desember vert det kamp mellom Hardanger BTK 2 og Fjell 2 i 4. divisjon. Kampen startar kl. 18.00.
Vel møtt til alle som vil koma for å sjå på kampane! Det vil også vera plass til å spela samstundes dersom nokon ynskjer det.