Hardanger BTK arrangerte denne veka årets klubbmeisterskap i Hardanger Bordtennishall. Jan Roger Andersson, Jeannette Huttenlocher, Aodne Valland, Dovydas Drungilas, Felix van der Leest og David Oma-Sletten vart årets klubbmeistrar!
I herrar open gjekk Jan Roger Andersson til topps etter å ha slått Kestutis Barauskas i finalen. Lars Henrik Mo og Håvard Markhus vart nummer tre. Seks spelarar deltok.
I damer open vart Jeannette Huttenlocher klubbmeister. Lena Sande vart nummer to og Natalie Lyssand nummer tre. Fem spelarar deltok.
I herrar/damer dobbel vart para sett saman etter nivå for å få jamnast moglege par. Aodne Valland og Dovydas Drungilas vart klubbmeistrar etter å ha slått Felix van der Leest og Gustav Korshavn Vikesdal i finalen. Lars Henrik Mo/Sarah Rosseland og Sandar Lyssand/Jeannette Huttenlocher vart nummer tre. Sju par deltok.
I gutar 15 vart Felix van der Leest klubbmeister etter å ha slått Sandar Lyssand i finalen. Kristoffer Fonnaland og Hallvard Valland Nordheim vart nummer tre. Elleve spelarar deltok.
David Oma-Sletten gjekk til topps blant dei fem deltakarane i gutar 11. Thomas Sangolt vart nummer to og Julian Sawicki vart nummer tre.
Årets klubbmeisterskap var det første sidan 2019, då korona har sett ein stoppar for arrangementet dei siste åra. Dessutan var det i år ei namneendring; tidlegare har me arrangert lagsmeisterskap.
Trass i at mange spelarar av ulike grunnar ikkje kunne delta, var 29 spelarar med totalt. Det er me veldig godt nøgde med!
HBTK gratulerer årets klubbmeistrar! Me ser allereie fram til neste års klubbmeisterskap!