HBTK 4 vann internkamp

Frå venstre: Aodne, Lars Henrik, Dovydas, Jannik, Sandar og Gustav

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon møttest sundag til kamp i Hardanger Bordtennishall. HBTK 4 vann 6-4.

HBTK 3 stilte med Sandar Lyssand, Gustav Korshavn Vikesdal og Jannik Huttenlocher. Sigrane kom ved Jannik (2), Sandar og Gustav. I tillegg tapte Sandar med knappast mogleg margin – 3-2 i sett og 13-11 i avgjerande – i ein kamp. Laget var med andre ord svært nære uavgjort.

HBTK 4 stilte med Dovydas Drungilas, Lars Henrik Mo og spelande lagleiar Aodne Valland. Sigrane kom ved Lars Henrik (2), Aodne (3) og dobbelparet Lars Henrik/Aodne.

HBTK 4 ligg på andreplass på tabellen etter sundagens kamp, medan HBTK 3 ligg på tredjeplass. Fire lag er med i avdelinga, og laga skal møtast fire gonger. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. NB. Dette er ikkje oppdatert etter gårsdagens kamp.

Dei neste kampane vert spela laurdag 21. januar. Då møter begge laga Bergen PIL 3 og Heros 4 på heimebane i Hardanger Bordtennishall.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.