Gustav og Marie vart årets julegrisar!

Frå venstre: Sandar Lyssand, Gustav Korshavn Vikesdal, Aodne Valland og Dovydas Drungilas var dei fire semifinalistane i den eldste klassen.

Tysdag arrangerte Hardanger BTK årets utgåve av den tradisjonsrike julegristurneringa i Norheimsund. Dette er ei turnering der spelarane byrjar med pluss og minuspoeng etter nivå for å få jamnast mogleg kampar. Atten spelarar deltok.

Marie Høyland og Gustav Korshavn Vikesdal vart årets julegrisar. Marie vann den yngste klassen etter å ha slått Shahd Mohammad Alghneem i finalen. I klassen for ungdomar og vaksne vart Gustav årets julegris etter å ha slått Aodne Valland i finalen. Aodne vart årets julegris for tre år sidan, medan Gustav forsvarte tittelen frå i fjor.

Det vart delt ut twist til alle og ekstra premiar til dei beste. Me gratulerer Gustav og Marie som årets julegrisar!

Onsdag er det juleavslutning for ungdomar og vaksne på kinarestauranten i Norheimsund. Etter dette tek klubben juleferie, noko som betyr at det vil verta pause i dei vanlege treningane. Det vil likevel verta mogleg å spela også i ferien. Info om dette kjem seinare.

Gustav vart årets julegris i klassen for ungdomar og vaksne!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.