
Hardanger BTK har no teke juleferie. Det gjorde me etter ei vellukka juleavslutning på kinarestauranten i Norheimsund onsdag.
Treningane startar opp att til vanlege tider etter nyttår. Første trening vert tysdag 3. januar.
Det vert ingen vanlege treningar i ferien. Det vil likevel verta mogleg å spela også i ferien. I den interne facebookgruppa vil me leggja ut info om når nokon av oss vil vera i hallen etter kvart som dette vert bestemt. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta også kontakt med Håvard dersom du ynskjer å verta informert om når det er trening eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.
Me i Hardanger Bordtennisklubb ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ei god jul!