Aktiv romjul i hallen!

Jan Roger har trena mykje i romjula.

Det har vore mykje aktivitet i Hardanger Bordtennishall i romjula. To spelarar frå det austerriske døvelandslaget har vitja oss. Dei har trena med Jan Roger Andersson, som utgjer det norske døvelandslaget, og trenar Roger Andersson to økter kvar dag. Dette er andre gong austerrikarane vitjar oss. Me takkar gjestene for besøket og ynskjer dei velkomne tilbake ein annan gong!

I tillegg har klubben gjennomført fleire økter med godt oppmøte! Me har også leigt ut hallen til andre eit par økter.

Også i haustferien var det mykje aktivitet i hallen. Me gler oss over at me gjennom tilgang til eigen hall kan trena så mykje som me vil – og når me vil – også i feriane!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.