
Hardanger BTK stilte – trass i fleire forfall – med heile tolv spelarar i Laksevågkruset, som vart arrangert i Olsvikhallen i Bergen laurdag. Våre deltakarar oppnådde fleire sterke resultat!
Kestutis Barauskas var stemnets klart beste spelar. Han vann samtlege kampar og gjekk til topps både i herrar B og herrar C!

Gustav Korshavn Vikesdal hamna i «dødens pulje» i gutar 13. Likevel gjekk han vidare. Han vann også både kvartfinale og semifinale før det vart tap i finalen. Dermed kom han til ein finale for aller første gong og sikra seg ein sterk andreplass! I gutar 15 gjekk han også vidare frå puljespelet og sikra seg ein flott tredjeplass i klassen!
Nybyrjarane vart delt inn i to klassar etter alder. Me hadde med seks nybyrjarar fordelt på dei to klassane. Best gjekk det med Kristoffer Fonnaland, som vart nummer to i den eldste nybyrjarklassen. Liam Amir Jamal vart nummer to i B-sluttspelet i eldre nybyrjar, medan Murad Basem Farah fekk same plassering i B-sluttspelet i yngre nybyrjar.
I herrar E sikra Lars Henrik Mo seg ein fin femteplass. Han tapte knepent 3-2 i kvartfinalen. Lars Henrik vart også nummer fem i herrar F. Her vart det same plassering på Aodne Valland. I puljespelet måtte Aodne sjå seg slått av ein annan Valland: komikar Ole Soo Valland. Sistnemnde, som er kjend frå blant anna Bordtenniskameratene på VGTV, gjekk seinare heilt til topps i klassen.
Også Shahd Mohammad Alghneem, Mohamad Basem Farah, Jardar Fykse, Hallvard Valland Nordheim og Dovydas Drungilas deltok, men desse gjekk diverre ikkje vidare frå puljespelet.
Me i Hardanger BTK er veldig godt nøgde med spel, resultat, innsats og oppførselen til våre spelarar!
Neste turnering er eit Noregs Cup-stemne som vert arrangert i Bergen neste helg.




