Viktig siger i 4. divisjon!

Frå venstre: Håvard, Kestutis og Lars Henrik

Hardanger BTK 2 spela måndag sesongens fjerde kamp i 4. divisjon. Stord 4 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. På papiret har Stord 4 det beste laget i avdelinga, og dei stilte med toppa mannskap i dagens kamp. Likevel vart det ein sterk 7-3-siger til Hardanger BTK!

HBTK 2 stilte med Kestutis Barauskas, Håvard Markhus og Lars Henrik Mo. Sigrane kom ved Kestutis (3), Håvard (2), Lars Henrik og dobbelparet Kestutis/Håvard. Både Håvard og Kestutis slo tidlegare HBTK-spelar Erik Berge Saue, og Kestutis sikra seg også ein sterk siger mot langt høgare rangerte Georg Selsvold.

Hardanger BTK 2 gjekk med det til topps på tabellen. Bergen PIL 2 har like mange poeng, men me har betre kampkvote og har også spela to kampar mindre enn dei. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. NB. Dette er ikkje oppdatert etter dagens kamp.

Neste kamp er truleg ein heimekamp mot Fjell 3. Tidspunkt er ikkje bestemt.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.