Aktive dagar!

Det skjer mykje i Hardanger Bordtennisklubb dei neste dagane!

Laurdag representerer Kestutis Barauskas klubben vår i eit Norges Cup-stemne i Haukelandshallen i Bergen.

Sundag kjem spelarar frå Strand-Ulv IL og dei nye klubbane Harding IL og Hausvik IL til Norheimsund for å trena og spela kampar i Hardanger Bordtennishall. Me har pr no plass til eit par spelarar til frå Hardanger BTK. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du ynskjer å vera med. Me startar kl. 11.00 og reknar med å vera ferdige mellom 14.00 og 14.30.

Same dag spelar Roger og Jan Roger Andersson seriespel i Sverige.

Om kvelden vert det open hall som vanleg kl. 18.30-20.00.

Måndag skal Jan Visser og Bente Maubach presentera klubben vår for folk som er ledige på dagtid. Dette er ein del av prosjektet Aktivitetsmøteplassen, og skjer på Gamleskulen i Norheimsund kl. 11.00. Etter presentasjonen reiser dei som er til stades vidare til hallen vår for å prøva bordtennis. Send sms til Bente (95004190) dersom du ynskjer å vera med.

Om kvelden vert det 4. divisjonskamp mellom Hardanger BTK 2 og Fjell 3 i Hardanger Bordtennishall. Kampen startar kl. 18.00. Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen! Det vil også vera plass til å spela samstundes dersom nokon ynskjer det.

Me ynskjer alle dei involverte lukke til!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.