Kestutis til topps i NC-stemne!

Kestutis Barauskas gjekk til topps i herrar B!

Kestutis Barauskas gjekk heilt til topps i herrar B under eit Norges Cup-stemne i Haukelandshallen i Bergen laurdag! Kestutis – som var Hardanger BTK sin einaste deltakar – var ikkje blant dei seeda spelarane i klassen. Han slo fleire sterke spelarar – blant anna eliteseriespelar Olof Gøtestam både i puljespelet og i finalen.

Kestutis deltok også i herrar elite. Der tok han sett i to av kampane i puljespelet, men gjekk ikkje vidare.

Me gratulerer Kestutis med ein sterk førsteplass i herrar B!

Neste turnering er Norheimsund Open, som me arrangerer laurdag 11. februar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.