Ny siger i 4. divisjon!

Frå venstre: Aodne, Dovydas, Lars Henrik, Kestutis og Håvard

Hardanger BTK 2 spela måndag sesongens femte kamp i 4. divisjon. Fjell 3 var motstandar i Hardanger Bordtennishall, og me vann 7-3!

HBTK 2 stilte med Kestutis Barauskas, Håvard Markhus og Lars Henrik Mo i singel og Aodne Valland og Dovydas Drungilas i dobbel. Sigrane kom ved Kestutis (3), Håvard (3) og Lars Henrik.

Hardanger BTK 2 er framleis serieleiar. Me ligg no to poeng framfor Bergen PIL 2, og me har også spela ein kamp mindre enn dei. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. 

Førstkomande laurdag spelar me to bortekampar i Bergen. Stord 4 og Heros 3 er motstandarar.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.