Vellukka treff i Aktivitetsmøteplassen!

Måndag presenterte Jan Visser og Bente Maubach klubben vår for folk som er ledige på dagtid, som ein del av prosjektet Aktivitetsmøteplassen. Det er frivilligheitssentralen Grannehjelpa som står bak tiltaket.

Om lag femten – pluss fleire andre frå klubben vår – var til stades under sjølve presentasjonen på Gamleskulen i Norheimsund. Der vart det også servert lunsj. Etterpå var dei fleste med til Hardanger Bordtennishall, der dei fekk sjå hallen og prøva bordtennis.

Stemninga var svært god, og no håpar me fleire av dei som vart til stades vil koma igjen! Kvar torsdag har me open hall frå kl. 11.00 til 12.30. I tillegg er sjølvsagt dei som vil det velkomne på open hall og treningar på kveldstid.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.