Tre poeng i 5. divisjon!

Frå venstre: Aodne, Lars Henrik og Dovydas

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon spela laurdag heimekampar i Hardanger Bordtennishall mot Heros 4. HBTK 4 vann 6-4, medan HBTK 3 spela uavgjort.

HBTK 4 stilte med Lars Henrik Mo, Dovydas Drungilas og spelande lagleiar Aodne Valland. Sigrane kom ved Aodne (3), Lars Henrik (2) og dobbelparet Aodne/Lars Henrik. To av kampane vann me 3-2, så dette var ein veldig jamnspelt lagkamp.

HBTK 3 stilte med Sandar Lyssand, Obaida Taha og spelande lagleiar Jeannette Huttenlocher. Sigrane kom ved Sandar (2), Obaida, Jeannette og dobbelparet Sandar/Obaida. Begge laga vann kvar sin kamp i avgjerande sett i nok ein svært jamnspelt lagkamp.

HBTK 4 er serieleiar etter dagens kampar. HBTK 3 ligg på sisteplass, men det er jamt mellom dei fire laga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. NB: Dette er ikkje oppdatert etter dagens kampar.

Me er veldig godt nøgde med tre poeng! Dei neste kampane vert spela sundag 29. januar. Då møter våre lag Bergen PIL 3 i Hardanger Bordtennishall.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.