Nye sigrar i 4. divisjon!

Frå venstre: Håvard, Kestutis og Erlend

Hardanger BTK 2 spela laurdag to nye kampar i 4. divisjon. Heros 3 og Fjell 3 var motstandarar i kampane, som vart spela i Bergen PIL sin hall i Bergen. Me vann begge kampane!

HBTK 2 stilte med Kestutis Barauskas, Håvard Markhus og Erlend Skeie Langeland i begge kampane. Kampen mot Heros 3 vart den jamnaste me har hatt så langt i serien. Me vann til slutt 6-4. Sigrane kom ved Kestutis (3), Håvard (2) og dobbelparet Kestutis/Håvard. I tillegg hadde Erlend matchball i ein kamp og Håvard tapte ein kamp i avgjerande sett.

Mot Fjell 3 vann me 7-3. Her kom sigrane ved Kestutis (3), Håvard (3) og dobbelparet Kestutis/Erlend. Håvard vann ein kamp i avgjerande sett.

Eigentleg skulle me ha møtt Stord 4, men dei trekte laget frå laurdagens kampar. Difor møtte me Fjell 3 i staden for.

Hardanger BTK 2 er framleis serieleiar. Me ligg no seks poeng framfor Bergen PIL 2, men me har spela ein kamp meir enn dei. Dersom ikkje Stord 4 trekkjer laget frå heile serien vil me få to poeng også for kampen me skulle ha spela mot dei. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. NB. Dette er ikkje oppdatert etter gårsdagens kampar.

Neste kamp er ein heimekamp mot Laksevåg 5 førstkomande fredag.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.