Ingen poeng i eliteserien

Frå venstre: Roger, Jack, Raif og Jan Roger

Hardanger BTK sitt førstelag tapte alle kampane under helgas serierunde i eliteserien (Stiga-ligaen) på austlandet. Det vart tap mot Snarøya BTK, Nidaros BTK, B-72 og Laksevåg BTK. Hardanger BTK stilte med Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Raif Rustemovski og spelande lagleiar Jack Feng.

Laurdag vart det først eit knepent 6-4-tap mot Snarøya BTK på Fornebu. Sigrane kom ved Roger, Jan Roger, Raif og dobbelparet Roger/Jack.

Seinare på dagen vart det 6-3-tap mot Nidaros BTK på Lørenskog. Sigrane kom ved Roger (2) og Jan Roger. I tillegg tapte me begge dobbelkampane svært knepent i femte og avgjerande sett, så poeng var innan rekkjevidde også i denne lagkampen.

Sundag vart det først 6-1-tap mot B-72 på Lørenskog. Sigeren kom ved Roger. I tillegg tapte me nok ein dobbelkamp i avgjerande sett.

I helgas siste kamp vart det eit nytt 6-1-tap – denne gongen mot Laksevåg BTK på Lørenskog. Sigeren vår kom ved Jan Roger. Roger tapte ein kamp i avgjerande sett, men poeng var uansett ikkje innan rekkjevidde.

I kampen om å bli årets lagspelar ligg Roger på niandedeplass etter helgas runde.

Hardanger BTK ligg no sist på tabellen med eitt poeng og 22-65 i kampkvote. Det er fire poeng opp til laga framfor oss på tabellen når tre kampar gjenstår. Mykje tyder med andre ord på at Hardanger BTK spelar sine siste kampar i eliteserien – i alle fall i denne omgang – når serien vert avslutta på austlandet 18.-19. mars.

Terminliste med resultat samt tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.