Ny siger i 4. divisjon!

Frå venstre: Håvard, Kestutis og Lars Henrik

Hardanger BTK 2 spela fredag sesongens åttande kamp i 4. divisjon. Laksevåg 5 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. Bortelaget stilte med eit sterkare mannskap enn då me møtte dei sist, men me drog likevel i land ein 6-4-siger i det som vart sesongens jamnaste kamp så langt!

HBTK 2 stilte med Kestutis Barauskas, Håvard Markhus og Lars Henrik Mo. Sigrane kom ved Kestutis (3), Håvard (2) og dobbelparet Kestutis/Håvard.

Hardanger BTK 2 er framleis serieleiar. Me ligg no åtte poeng framfor Bergen PIL 2, men me har spela to kampar meir enn dei. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.  NB. Dette er ikkje oppdatert etter dagens kamp.

Neste kamp er ein bortekamp mot Bergen PIL 2 førstkomande laurdag.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.