Her kjem viktig info for alle som vurderer å vera med på eitt eller fleire norske meisterskap denne våren. I tillegg står her info om sommarens EM for veteranar i Sandefjord og mogleg utvekslingssamarbeid med klubb i Litauen.
NM for senior (Hovud-NM) vert arrangert på Fornebu 24-26. mars. Invitasjonen finn du her. Det vert også arrangert B-klassar. Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Roger (40100194, roger@hbtk.no) seinast 22. februar.
NM for veteranar vert arrangert på Stord 21.-23. april. Invitasjonen finn du her. Alle som fyller minst 35 år i år kan delta. Det er eigen debutantklasse. Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Roger (40100194, roger@hbtk.no) seinast 23. mars. NB: For påmelding til bankett og bestilling av hotell er fristen allereie 4. februar! Sjå info i invitasjonen.
NM for junior og eldre junior vert arrangert i Bodø 12.-14. mai. Det er lenge til påmeldingsfristen, men me ynskjer tilbakemelding frå dei som vurderer å delta her til ein av trenarane på trening eller Roger (40100194, roger@hbtk.no) snarast.
NM for yngre/Stiga 11-ern vert arrangert i Oslo 02.-04. juni. Stiga 11-ern er for spelarar som er fødd i 2011 og 2012. NM for yngre er for spelarar som er fødd i 2007-2010. For å kunna delta i desse arrangementa ynskjer klubben at du trenar to dagar i veka samt deltek på nokre andre turneringar. I tillegg bør du delta på nokre ekstratreningar som me kjem til å arrangera for aktuelle spelarar. Det er lenge til påmeldingsfristen, men me ynskjer tilbakemelding frå dei som vurderer å delta her til ein av trenarane på trening eller Håvard (91535549, havard@hbtk.no) snarast.
EM for veteranar vert arrangert i Sandefjord 26. juni-01. juli. Invitasjonen finn du her. Alle som fyller minst 40 år i år kan delta. Ta kontakt med ein av trenarane på trening eller Roger (40100194, roger@hbtk.no) dersom du ynskjer å delta her.
Hardanger BTK prøver å få til eit Erasmus-samarbeid med ein klubb i Litauen. Dersom me lukkast vil me få besøk av spelarar frå Litauen i ei veke og spelarar frå vår klubb – i alderen 13-16 år – vil reisa til Litauen i ei veke. Også her ynskjer klubben at du trenar to dagar i veka samt deltek på turneringar for å få vera med. Me ynskjer tilbakemelding frå dei som vurderer å vera med på dette til ein av trenarane på trening eller Håvard (91535549, havard@hbtk.no) snarast.
NB: Alle som er fødd i 2010 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF for å delta i dei norske meisterskapa. Det gjeld ikkje debutantklassen i veteran-NM.