Full pott i 5. divisjon!

Bak frå venstre: Dovydas, Aodne, Lars Henrik og Jannik. Framme frå venstre: Gustav, Jeannette og Sandar

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon spela sundag heimekampar i Hardanger Bordtennishall mot Bergen PIL 3. HBTK 4 vann 9-1, medan HBTK 3 vann 8-2!

HBTK 4 stilte med Lars Henrik Mo, Dovydas Drungilas og spelande lagleiar Aodne Valland. Sigrane kom ved Aodne (3), Lars Henrik (3), Dovydas (2) og dobbelparet Lars Henrik/Dovydas. To av kampane vann me 3-2.

HBTK 3 stilte med Sandar Lyssand, Gustav Korshavn Vikesdal og Jannik Huttenlocher i singel. Spelande lagleiar Jeannette Huttenlocher kom inn i dobbel og spela den saman med Jannik. Sigrane kom ved Sandar (3), Jannik (3), Gustav og dobbelparet Jeannette/Jannik. Me vann heile fire av kampane knepent i femte og avgjerande sett.

Tidlegare i sesongen har laga våre tapt fire kampar mot Bergen PIL. I tredje forsøk vann me begge kampane!

For Bergen PIL vart det ein tung dag på jobben. Me vann samtlege seks kampar som gjekk til femte og avgjerande sett, og fire av dei med 11-9 i avgjerande sett…Me hadde med andre ord ein god del marginar på vår side, men uansett er me veldig godt nøgde med både kampar og poengfangst!

HBTK 4 er serieleiar etter dagens kampar. HBTK 3 ligg på tredjeplass. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. NB: Dette er ikkje oppdatert etter sundagens kampar.

Neste kamp vert eit internoppgjer mellom laga våre. Tidspunkt er ikkje bestemt.

Etter kampen vart det feira med pizza!
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.