Flotte resultat frå rekordmange HBTK-spelarar!

Det vart spela på atten bord under turneringa.

Hardanger BTK stilte med heile 32 deltakarar og oppnådde mange flotte resultat i årets utgåve av den tradisjonsrike turneringa Norheimsund Open, som me arrangerte i Norheimsund idrettshall laurdag. Det er ein voldsom auke frå i fjor – då me deltok med fjorten spelarar. Aldri før har me delteke med så mange spelarar – korkje i Norheimsund Open eller i ei anna turnering! I tillegg til dei 32 deltakarane har me mange andre aktive i klubben – som enten ikkje ynskjer å delta i turneringar eller som ikkje kunne delta denne dagen. Det fortel om ein klubb i stort vekst etter at me fekk eigen bordtennishall.

I herrar B gjekk Kestutis Barauskas heilt til topps! I herrar/damer dobbel spela turneringsleiarane Jack Feng og Håvard Markhus seg fram til finalen og vart nummer to. Roger Andersson/Lars Henrik Mo og Kestutis Barauskas/Antanas Budzius vart nummer tre.

I herrar D vart Antanas Budzius nummer tre. Han var også svært nære finaleplass, då han tapte med knappast mogleg margin i femtesett i semien. I herrar F vart det tredjeplass på Jannik Huttenlocher. Lars Henrik Mo vart nummer fem – etter å ha tapt 22-20 i det som kanskje var dagens jamnaste sett.

Også i dei yngre klassane hevda me oss godt! I gutar/jenter dobbel vart Felix van der Leest/Sandar Lyssand nummer to. I herrar/damer junior vart Levi Mong nummer tre. Broren Kaleb Mong kom heilt til finalen og sikra seg ein flott andreplass i gutar/jenter 11. I denne klassen vart Frede Korshavn Vikesdal nummer tre og Marie Høyland nummer fem.

I gutar/jenter 13 deltok heile åtte HBTK-spelarar. Tre av desse kom til kvarten og sikra seg femteplass; Gustav Korshavn Vikesdal, Hallvard Valland Nordheim og Kaleb Mong. Sistnemnde tapte ein jamnspelt femsettar mot klassevinnaren. Også i gutar/jenter nybyrjar vart det femteplass på tre HBTK-spelarar; Nathalie Lyssand, Mohamad Basem Farah og Kristoffer Fonnaland. Sistnemnde tapte knepent 3-2 i sin kvartfinale. Liam Amir Jamal gjekk til topps i B-sluttspelet i klassen.

I Golden Boys gjekk Njål Skulstad til topps etter å ha slått Olav Torpe i finalen. Frank Tangen og Torgeir Flatebø vart nummer tre. Seks lokale menn i sin beste alder – som alle er med på treninga vår på dagtid torsdagar – deltok i klassen.

97 spelarar frå ti klubbar var påmelde til stemnet, men me fekk nokre forfall. Det er uansett ein fin auke frå i fjor, då 82 spelarar frå sju klubbar var påmelde. Hardanger BTK var desidert største klubb med våre 32 deltakarar, og me er usikre på om nokon klubbar i regionen har delteke med så mange spelarar i ei turnering denne sesongen.

Den litauiske klubben Akmenė «Mažoji raketė» BTK deltok med fire spelarar. I samband med opninga av stemnet overrekte klubbtrenar Lorenas Vismantas gåver til HBTK-spelar Kestutis Barauskas – som tidlegare var trenar i den litauiske klubben – og Hardanger BTK ved sportsleg leiar Håvard Markhus.

Det vart konkurrert i tretten klassar i årets turnering, og det vart spela på atten bord. I sekreteriatet hadde Jack Feng full kontroll bak datamaskina og som stemneleiar. Mange andre hjelpte til på ulikt vis. Ein stor fordel med å ha fleire aktive medlemer og fleire eigne spelarar med i turneringa er at me har langt fleire medlemer, foreldre og andre til å hjelpa til! Difor hadde me i år langt fleire som stilte opp – både med opprigging, i kiosken og i hallen under stemnet og med nedrigging. Me takkar alle som stilte opp før, under og etter stemnet!

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med innsats og resultat i stemnet!  Me er også veldig godt nøgde med gjennomføringa av turneringa! Med rekorddeltaking frå eigen klubb, mange gode resultat og eit vel gjennomført stemne, kan me slå fast at det står bra til med klubben!

Neste turnering er Fjell Cup førstkomande laurdag, men det er usikkert om me stiller med nokon der. Same dag vert det arrangert regionsdommarkurs i Hardanger Bordtennishall.

Sjå elles resultatlista for Norheimsund Open, som ligg i ei eiga sak.

Me takkar alle som deltok for eit kjekt stemne, og ynskjer alle velkomne tilbake til Norheimsund Open 2024!

Golden Boys!
Marie Høyland kom på femteplass i si første turnering!
Kestutis Barauskas gjekk til topps i herrar B!
Turneringsleiinga hadde så god kontroll at dei til og med fekk tid til å sjekka mobilane sine… Her ser me Erlend Skeie Langeland (til venstre) og Jack Feng.
Den flotte gåva som me fekk frå våre litauiske vener!
Slik såg hallen ut etter rigginga fredagskveld. Fremst ser du ein av våre nye klubb-rollup, som er ei gåve frå NBTF i samband med opninga av bordtennishallen.
Njål Skulstad tek i mot førstepremien i Golden Boys.
Frå venstre: Torgeir Flatebø, Olav Torpe og Njål Skulstad.
Jeannette Huttenlocher og Bente Maubach hadde ansvaret for vår svært innhaldsrike kiosk. Håvard Markhus og Jan Visser var sentrale i sjølve stemneavviklinga,
Litauiske deltakarar i Norheimsund Open.
Det vart fleire norsk-litausike oppgjer i dobbel.
Semfinale i dobbel
Frå opninga av stemnet.
Kestutis Barauskas mottok gåve frå klubben han tidlegare var trenar i.
Håvard Markhus mottok gåve på vegne av Hardanger BTK.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.