Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon møttest sundag til kamp i Hardanger Bordtennishall. Kampen enda 5-5.
HBTK 3 stilte med Obaida Taha, Gustav Korshavn Vikesdal og Jannik Huttenlocher i singel, medan spelande lagleiar Jeannette Huttenlocher kom inn i dobbel. Sigrane kom ved Jannik (2), Obaida, Gustav og dobbelparet Obaida/Jeannette.
HBTK 4 stilte med Dovydas Drungilas, Lars Henrik Mo og spelande lagleiar Aodne Valland. Sigrane kom ved Lars Henrik (2), Aodne (2) og Dovydas.
Begge laga vann to kampar i femte og avgjerande sett i ein svært spennande lagkamp. Alle spelarane på begge laga vann minst ein kamp. I dei to første oppgjera mellom laga i sesongen vann HBTK 4, så dette var første gongen HBTK 3 tok poeng i internoppgjera.
HBTK 4 er serieleiar etter dagens kampar. HBTK 3 ligg på tredjeplass. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.
Fire lag er med i avdelinga, og laga skal møtast ein gong til før serien er avslutta.
Den neste kampen vert truleg også eit internoppgjer mellom dei to laga. Tidspunkt er ikkje bestemt.