I Hardanger BTK er me så heldige at det er mange som engasjerer seg i drifta av klubben! Slik ynskjer me at det skal vera også i framtida. No nærmar det seg årsmøte. Det vert avvikla i Hardanger Bordtennishall onsdag 29. mars 2023 kl. 1800 (sjå eiga sak). Klubben ynskjer at medlemer, føresette eller andre som kan tenkja seg å vera med i styre, kontrollutval eller valkomitè tek kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) så snart som mogleg.
Dersom nokon kan tenkja seg å ta på seg andre oppgåver eller verv i klubben kan dei også ta kontakt med Håvard. Under «Om klubben» i menyen øvst på sida finn du ein organisasjonsoversikt som viser ulike verv i klubben. Det er også fint viss fleire kan stilla opp i samband med treningar, open hall eller reinhald av hallen.
Drifta av klubben og hallen går stort sett veldig bra, og slik ynskjer me at det skal vera også i framtida!
Me håpar også mange stiller opp på årsmøte når den tid kjem!