Sesongens første tap – men opprykket er klart!

Frå venstre: Dovydas, Lars Henrik og Vegard

Hardanger BTK 2 spela torsdag sesongens niande kamp i 4. divisjon. Fjell 2 var motstandar i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen. HBTK 2 var serievinnar allereie før dagens kamp og stilte ikkje med toppa mannskap. Dermed rauk ikkje uventa sigersrekka. Etter åtte strake sigrar vart det tap. Fjell 2 vann 8-2.

HBTK 2 stilte med Vegard Markhus, Lars Henrik Mo og Dovydas Drungilas. Sigrane kom ved Lars Henrik og dobbelparet Vegard/Lars Henrik. I tillegg tapte Vegard to kampar i femte og avgjerande sett.

Hardanger BTK 2 er framleis serieleiar med god margin. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.  NB. Dette er ikkje oppdatert etter dagens kamp.

Me avsluttar sesongen med kampar to dagar på rad denne veka. Fredag møter me Heros 3 i Hardanger Bordtennishall. Kampstart vert truleg kl. 18.00. Denne kampen kjem til å gå i tida der me har open hall. Det vil likevel vera plass til andre som vil spela. Det vert difor open hall som vanleg kl. 18.30.

Vel møtt til dei som vil koma for å sjå på kampen – eller for å spela sjølv!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.