Avslutta sesongen med siger!

Frå venstre: Lars Henrik, Kestutis og Håvard

Hardanger BTK 2 spela fredag sesongens tiande og siste kamp i 4. divisjon. Heros 3 var motstandar i Hardanger Bordtennishall. HBTK 2 avslutta sesongen med ein klar 8-2-siger!

HBTK 2 stilte med Kestutis Barauskas, Håvard Markhus og, Lars Henrik Mo. Sigrane kom ved Kestutis (3), Håvard (3), Lars Henrik og dobbelparet Kestutis/Lars Henrik.

Hardanger BTK 2 er dermed soleklar serievinnar med 18 av 20 poeng! Me kan dermed rykka opp til 3. divisjon om me ynskjer det. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.  NB. Resultata frå dagens kamp er lagt inn, men resultata frå gårsdagens kamp manglar.

Trass i at andre kampar i avdelinga gjenstår kan me slå fast at Kestutis vert årets lagspelar. Etter at han og Lars Henrik vann dagens jamspelte dobbelkamp 3-2 var det klart at han går gjennom serien utan eit einaste tap! Håvard Markhus vert nummer to i kåringa. Hardanger BTK har dermed formsterke spelarar i bakhand når eliteserien skal avsluttast neste helg…

Me gratulerer HBTK 2 med ein svært godt gjennomført sesong! Ei oppsummering av seriesesongen vert lagt ut etter at alle laga våre er ferdige med sesongen.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.