Fleire flotte plasseringar i Bergen PIL Open!

Frå venstre: Nathalie, Sandar, Gustav, Liam og Jardar

Hardanger BTK stilte med heile tolv spelarar i Bergen PIL Open, som vart arrangert i Stemmemyren idrettshall i Bergen laurdag. Samtlege deltakarar frå klubben vår var yngre, noko som fortel om mange aktive yngre medlemer for tida! Truleg må me minst 10-15 år tilbake i tid for å finna ei turneringa utanfor Norheimsund der me har hatt med så mange yngre deltakarar! Våre deltakarar oppnådde også fleire flotte plasseringar!

To av våre beste plasseringar kom i gutar 11. Der vart det andreplass til Kaleb Mong og tredjeplass til Frede Korshavn Vikesdal! I herrar F vart det ein sterk tredjeplass til Sandar Lyssand, etter at han kom vidare frå ei svært jamn pulje der alle kunne slå alle. Sandar deltok i ein seniorklasse for første gong, og sikra seg pengepremie ved første forsøk! Hundrelappen kom godt med på McDonalds litt seinare på dagen, men vegen fram til at han kan leva av bordtennis er framleis lang…

I nybyrjar 15 deltok me med heile sju spelarar. Det vart flotte tredjeplassar til Nathalie Lyssand og Liam Amir Jamal! Jardar Fykse og Kristoffer Fonnaland kom også vidare frå puljespelet. Dei tapte jamnspelte kvartfinalar og vart nummer fem.

I gutar 13 kom Gustav Korshavn Vikesdal seg vidare frå puljespelet og sikra seg ein fin femteplass. Same plassering fekk Sandar Lyssand i gutar 15.

Levi Mong, Shahd Mohammad Alghneem, Mohamad Basem Farah og Murad Basem Farah deltok også, men desse gjekk diverre ikkje vidare frå puljespelet.

Me i Hardanger BTK er veldig godt nøgde med spel, resultat, innsats og oppførselen til våre spelarar!

Neste turnering er regionsmeisterskapet som vert arrangert i Skjold i Vindafjord neste laurdag, men det er usikkert om me deltek der.

Nathalie og Liam vart begge nummer tre i nybyrjar 15!
Jack Feng var turneringsleiar, men fekk også tid til å coacha litt. Her er han saman med Kristoffer Fonnaland, som overraska alle med å ta to sett mot Sander Høieggen.
Kaleb (til venstre) og Frede hevda seg godt i gutar 11
Jack coachar Sandar i semifinalen i herrar f.
Ein del av spelarane samla på McDonalds etter turneringa.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.