Figgjo/Rosseland Open 2023

Laurdag 15. april arrangerer Figgjo IL og Rosseland BK Figgjo/Rosseland Open 2023 i Figgjohallen i Figgjo i Sandnes.

I dette stemnet er det mogleg å delta i to klassar og det kostar mellom 100 og 160 kroner å delta i dei ulike klassane. Stemnet har klassar for alle aldersgrupper, og det er eigne nybyrjarklassar. Påmelding skjer til ein av trenarane på trening eller til Roger (40100194, roger@hbtk.no) seinast 31. mars.

Sidan det er langt å reisa til Figgjo må ein reisa dit fredagen og reisa attende sundagen. Det betyr også to netter med overnatting, og at det vil kosta meir å delta på denne turneringa enn vanleg. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du ynskjer meir info.

Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.

NB: Alle som er fødd i 2010 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje nybyrjarklassane.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.