Klart for siste runde i eliteserien

Frå venstre: Roger, Jack, Raif og Jan Roger er klare for nye eliteseriekampar

Denne helga spelar eliteserielaget vårt sesongens siste kampar. Laget spelar tre kampar på Austlandet. Laurdag møter me Fokus BTK på Høyenhall kl. 13.00 og Fornebu BTK på Fornebu kl. 18.00. Sundag møter me Jevnaker BTK på Jevnaker kl. 11.00. Les meir om helgas kampar her.

Hardanger BTK håpar arrangørane vil streama kampar eller sørga for live resultatservice, men veit ikkje dette sikkert.

Meir informasjon om eliteserielaget vårt finn du under «Eliteserien 2022-2023» i menyen øvst på sida.

Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.

Me ynskjer eliteserielaget lukke til i helga!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.