Hardanger BTK rykker ned

Frå venstre: Roger, Raif, Jack, Håvard og Jan Roger

Hardanger BTK sitt førstelag tapte tre kampar då eliteserien (Stiga-ligaen) vart avslutta med kampar på austlandet i helga. Dermed enda me sist på tabellen og rykker ned til 1. divisjon. Det vart tap mot Fokus BTK, Fornebu BTK og Jevnaker BTK.

Hardanger BTK stilte med dei same spelarane som har spela alle kampane denne sesongen; Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Raif Rustemovski og spelande lagleiar Jack Feng. I tillegg vart det eliteseriedebut på Håvard Markhus då han kom inn i ein dobbelkamp og samstundes spela sin A-lagskamp nummer 201.

Laurdag vart det først 6-1-tap mot Fokus BTK. Sigeren kom ved dobbelparet Roger/Jan Roger. Seinare på dagen vart det tap med same siffer mot Fornebu BTK. Sigeren kom ved Roger, i det som var hans A-lagskamp nummer 75. Her hjalp det ikkje eingong at lagleiaren sette inn ein formsterk 4. divisjonsspelar i dobbel… Håvard tok sett saman med Raif , og er dermed den einaste som har spelt eliteserie for klubben vår som aldri har tapt ein eliteseriekamp 3-0… Men han er også den einaste som aldri har vunne i eliteserien..

I sundagens kamp vart det eit knepent 6-4-tap mot Jevnaker BTK. Sigrane kom ved Roger, Jan Roger, Raif og dobbelparet Raif/Jack. Eit par av dei andre kampane var også jamne, så poeng var innan rekkevidde i denne kampen.

HBTK enda dermed sist av dei åtte laga i vår tredje sesong i eliteserien med kun eitt poeng av 28 moglege. Kampkvoten er 28-83. Snarøya BTK vart nummer sju med seks poeng. Det eine poenget sikra me oss mot nettopp Snarøya BTK i sesongens første kamp. Seinare i sesongen har me tapt tre kampar med knappast mogleg margin – 6-4. Fleire poeng har med andre ord vore innan rekkevidde.  

Målet før sesongen var å unngå nedrykk. Det greidde me ikkje. Dermed er eliteserieeventyret over etter tre sesongar – pluss ein sesong som ikkje vart gjennomført grunna korona. Det første året kom me på tredjeplass i sluttspelet. I fjor berga me plassen, men i år vart det altså nedrykk. No ser me fram til ein sesong i 1. divisjon. Der skal me nok bita langt betre frå oss!

Tabell, terminliste med resultat og oversikt over årets lagspelar finn du her. På oversikta over årets lagspelar kom Roger på tiandeplass.

Meir informasjon om eliteserielaget vårt finn du under «Eliteserien 2022-2023» i menyen øvst på sida. 

Neste turnering er NM for senior på Fornebu førstkomande helg.

Kampen mot Jevnaker BTK i deira bordtennishall vart den siste eliteseriekampen til Hardanger BTK – i alle fall i denne omgang.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.