Påskeferie!

Open hall vil gå som normalt sundag 02. april. Deretter tek me påskeferie. Det vert ingen vanlege treningar i ferien. Det vil likevel verta mogleg å spela også i ferien. I den interne facebookgruppa vil me leggja ut info om når nokon av oss vil vera i hallen etter kvart som dette vert bestemt. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta også kontakt med Håvard dersom du ynskjer å verta informert om når det vert folk i hallen eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.

Treningane startar opp att til vanlege tider over påske. Første trening vert tysdag 11. april.

Me minner elles om at det er utebord i parkar og ved skular i Norheimsund og Øystese.

Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god påskeferie!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.