Ingen poeng i siste runde i 5. divisjon

Frå venstre: Jannilk, Sandar, Dovydas, Aodne, Lars Henrik og Jeannette

Hardanger BTK sine to lag i 5. divisjon avslutta laurdag seriesesongen med kampar i Bergen. Begge laga tapte sine kampar denne gongen.

HBTK 4 stilte med Lars Henrik Mo, Dovydas Drungilas og spelande lagleiar Aodne Valland. Laget tapte først 9-1 mot Bergen PIL 3. Sigeren kom ved Aodne. Deretter tapte laget knepent 6-4 mot Heros 3. Sigrane kom ved Lars Henrik (2), Aodne og Dovydas. I tillegg tapte laget to kampar i avgjerande sett, så her var sigeren innan rekkevidde.

HBTK 3 stilte med Sandar Lyssand, Jannik Huttenlocher og spelande lagleiar Jeannette Huttenlocher. Laget tapte først 8-2 mot Heros 4. Sigrane kom ved Sandar og Jannik. I tillegg tapte Sandar to kampar i avgjerande sett. Deretter tapte laget med same siffer mot Bergen PIL 3. Sigrane kom også her ved Sandar og Jannik. I tillegg tapte Jannik ein kamp i avgjerande sett.

HBTK 4 vart nummer to i serien, medan HBTK 3 enda på fjerde- og sisteplass. Det har vore ein jamnspelt serie, der alle laga har teke poeng mot kvarandre. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her. 

I kåringa av årets lagspelar dominerer me stort! Aodne Valland vart årets lagspelar! Lars Henrik Mo vart nummer to, Jannik Huttenlocher nummer fire og Sandar Lyssand nummer fem!

Me gratulerer laga våre med ein veldig godt gjennomført sesong! Ei oppsummering av seriesesongen vert lagt ut når alle avdelingane me har hatt lag i er ferdigspela.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.