Beste NM nokon gong for Hardanger BTK!

Frå venstre: Håvard, Roger, Kjetil og Iselinn representerte HBTK i veteran-NM.
Alle kom heim med medalje!

Hardanger BTK sine deltakarar hevda seg veldig godt i helgas veteran-NM i Vikahaugane Sportssenter på Stord! Totalt sikra me oss åtte NM-medaljar, noko som er ny klubbrekord! Best gjekk det med Roger Andersson, som sikra seg to NM-titlar og ytterlegare to NM-medaljar.

I herrar lag 35 stilte Hardanger BTK med Roger Andersson, Kjetil Sætre og Håvard Markhus. I kvarten møtte me Sportsklubben Heros. Ein svært spennande lagkamp enda med 3-2 til Hardanger BTK etter at Kjetil vann den femte og avgjerande kampen 3-1. Roger stod for dei to andre sigrane. I semien vart det 3-1-tap mot Modum BTK, som seinare vann klassen. Sigeren vår kom ved Roger. Dermed vart det ein sterk og overraskande tredjeplass i klassen! Dette er elles første gong klubben tek medalje i ein lagklasse i veteran-NM! Roger og Kjetil har NM-medaljar frå før, medan Håvard fekk sin aller første.

I mix dobbel 50 gjekk Roger heilt til topps saman med makker Bente Ulstein frå Bergen PIL etter å ha vunne 3-2 i finalen! I herrar dobbel 35 vart det nok ein gullmedalje til Roger. Saman med Øystein Bakke frå Sportsklubben Heros gjekk han til topps utan å ha tapt eit einaste sett! I finalen møtte han klubbkamerat Kjetil og hans makker Christian Ibenfeldt frå Laksevåg BTK. Trass i at det vart 3-0 var det ein jamspelt finale der to av setta enda 12-10. Dermed vart det gull til Roger og sølv til Kjetil i denne klassen!

I herrar singel 50 vart Roger nummer to etter å ha tapt mot tidlegare landslagsspelar Istvan Moldovan i finalen. I damer singel 35 vart det bronse til Iselinn Stuve. I herrar singel 40 vart Kjetil nummer fem. Han vann tre kampar på rad i femte og avgjerande sett før det vart tap i kvarten. I same klasse rauk Håvard ut i puljespelet med knappast mogleg margin, men han kom seinare til finalen i B-sluttspelet. Håvard spelte elles eitt av helgas jamnaste sett då han vann 23-21 …

Jack Feng var på plass som TD (teknisk delegat) medan Jan Roger Andersson var overdommar. Begge var difor viktige brikker i eit svært vellukka noregsmeisterskap i regi av arrangørklubben Stord BTK!

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med resultat, spel og innsats under årets veteran-NM. Me gratulerer spelarane våre med sterke resultat! Neste turnering er Stiga Norgescupfinale i Haukelandshallen i Bergen førstkomande helg.

NB. Sundag var det Verdas bordtennisdag, så me nytta dagen godt då me sette ny klubbrekord i antal NM-medaljar! I tillegg var det godt oppmøte under open hall i Hardanger Bordtennishall om kvelden, der me feira dagen med gratis vafler, frukt, saft og kaffi til dei frammøtte.

Jan Roger og Jack var sentrale brikker i eit svært vellukka arrangement.

Frå venstre: Håvard, Roger og Kjetil kom på tredjeplass i herrar lag 35
Sigerspallen i herrar dobbel 35.
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.