Jan Roger Andersson var Hardanger BTK sin einaste deltakar under helgas NM for junior og eldre junior i Bodø.
I herrar eldre junior dobbel spela Jan Roger med Benjamin Langsholdt frå Trondheim BTK. Dei vann klart i første runde, før det vart tap mot paret som vann klassen i andre runde. Dermed vart Jan Roger og Benjamin nummer ni i klassen.
I herrar eldre junior singel vann Jan Roger begge kampane i puljespelet. I sluttspelet vart det eit svært knepent 3-2-tap i første runde. Dermed vart det syttandeplass i klassen.
Jan Roger kan spela eldre junior også neste sesong, så då ventar nye sjansar i klassane.