Fleire sterke plasseringar i Mai Cup!

Frå venstre: Murad, Liam, Gustav, Sandar, Mohamad og Shahd

Hardanger BTK stilte med seks spelarar i Mai Cup, som vart arrangert i Olsvikhallen i Bergen laurdag. Våre deltakarar oppnådde fleire flotte plasseringar!

Aller best gjekk det med Gustav Korshavn Vikesdal. Han sikra seg ein flott femteplass i gutar 13 og ein endå sterkare tredjeplass i gutar 15! Gustav debuterte med ny, meir defensiv spelestil og slo fleire langt høgare rangerte spelarar. Han vil nok gjera eit solid hopp når junirankinga kjem!

I gutar dobbel spela Gustav saman med Sandar Lyssand. Dei kom på ein flott tredjeplass i klassen! I herrar f vart Sandar puljevinnar. Han enda til slutt på femteplass i klassen.

Liam Amir Jamal gjekk vidare frå puljespelet og vart nummer ni i gutar 13. I den eldste nybyrjarklassen gjekk han til topps i B-sluttspelet. Mohamad Basem Farah vart nummer tre i B-sluttspelet i den same klassen. I den yngste nybyrjarklassen vart Shahd Mohammad Alghneem nummer fem. Murad Basem Farah gjekk til topps i B-sluttspelet i klassen.

Me i Hardanger BTK er veldig godt nøgde med spel, resultat, innsats og oppførselen til spelarane våre!

Neste turnering er NM for yngre og Stiga 11-ern i Oslo 02.-04. juni. Der deltek me med heile elleve spelarar!

Gustav og Sandar tek i mot premiar for tredjeplassen i gutar dobbel frå Eric Nilsen i arrangørklubben Laksevåg BTK.
Gustav gjorde det svært godt i Mai Cup! Biletet er frå eit anna høve. Denne gongen mottok han fleire pokalar..
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.