I veke 20 vert det trening fylgjande dagar:
Tysdag går treningane som normalt. Det vert trening for born kl. 18-19 og trening for ungdomar og vaksne kl. 19-20.30.
Fredag vert det open hall for alle som vil kl. 17-18.30 – altså noko tidlegare enn vanleg. Denne dagen får me storfint besøk frå Kinsarvik!
Sundag vert det open hall for alle som vil til vanleg tid – kl. 18.30-20.
Treningane onsdag og torsdag utgår grunna 17. mai og Kristi himmelfartsdag.
Neste tysdag – 23. mai – vert det siste barnetrening før sommaren. Elles så går alle treningar som normalt den veka.
Me ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god 17. mai og Kristi himmelfartsdag!