Støtte frå Sparebanken Vest til aktivitet!

Hardanger BTK har motteke 60 000,- i prosjektmidlar frå Sparebanken Vest sitt samfunnsutbytte! Støtta går til prosjektet «Bordtennis for alle – aktivitet!», og gjer at me kan støtta medlemer som skal reisa til NM for yngre og Stiga 11-ern i Oslo, medlemer som skal reisa på tur til Litauen og medlemer som kjøper drakter.

Sparebanken Vest har vore vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år, og me gler oss over at dei framleis vil vera dette!

Me takkar Sparebanken Vest for at dei nok ein gong støttar oss, og oppmodar alle om å bruka banken!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.