Cup på Hatlestrand

I veke 50 er idrettshallen i Norheimsund stengd. Det vert difor ingen treningar den veka. Då passar det bra at bordtennisgruppa i Strand-Ulv  IL arrangerer cup på Hatlestrand onsdag 12. desember.

I cupen er det nybyrjarklassar for born og ungdomar og mosjonsklasse for vaksne. Det kostar kr 50,- å vera med i nybyrjarklassane. Mosjonsklassen kostar det 70,- å vera med i. Ein kan kun delta i ein klasse.

Avreise vert kl. 16.00 og me er heime om lag kl. 20.00.

Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@norheimsund.no) seinast 7. desember.

Det er også fint om nokon melder seg som sjåførar!

Info om transport m.m. vert lagt ut på heimesida nokre dagar før stemnet.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.