Håvard Markhus representerte Hardanger BTK under årets forbundsting, som vart avvikla i Oslo i helga.
Hardanger BTK markerte seg som vanleg sterkt frå talarstolen med ei rekkje innlegg. Norges idrettsforbund var til stades med to styremedlemer; Elisabeth Faret og Zaineb Al-Samarai. Sistnemnde er innstilt som ny idrettspresident til tinget i NIF førstkomande helg.
Christian Ibenfeldt frå Laksevåg BTK tok attval som president. Det same gjorde Tor Anders Rasmussen som styremedlem. Han representerer Rana BTK, men har tidlegare budd i Ålvik! Tidlegare HBTK-spelar Thomas Sætre, som representerer Bergen PIL, er ny varamedlem.
Attval vart det diverre ikkje på HBTK sin rekneskapsførar, Anders Hovden, som tapte valet med knappast mogleg margin.
Me ynskjer det nye styret i NBTF lukke til!