Hardanger BTK stilte med heile fire lag i seriespelet sesongen 2022-2023. Førstelaget enda sist i eliteserien, andrelaget vann 4. divisjon og dei to 5. divisjonslaga vart nummer to og fire. Her kjem ei oppsummering av sesongen.
I eliteserien enda førstelaget sist av dei åtte laga. HBTK spela uavgjort i sesongens første kamp, men tapte resten av kampane sjølv om fleire av dei var svært jamne. Dermed enda me sist med eitt poeng. Kampkvoten til laget var 28-83. Nedrykket betyr at eliteserieeventyret for Hardanger BTK er over – i alle fall for denne gong.
Fire spelarane spela samtlege kampar; Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Raif Rustemovski og Jack Feng. Sistnemnde var lagleiar. I tillegg fekk Håvard Markhus sin eliteseriedebut då han kom inn og spela ein dobbelkamp.
Roger kom på tiandeplass i kåringa av årets lagspelar i eliteserien med 66 poeng.
I 4. divisjon avdeling V var andrelaget klart best av dei seks laga! Laget vann ni kampar, medan det vart tap i ein kamp der me stilte utan toppa mannskap. Dette gav 18 poeng. Kampkvoten var 67-33.
Åtte spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Kestutis Barauskas, Håvard Markhus, Lars Henrik Mo, Vegard Markhus, Lars Åge Berge, Erlend Skeie Langeland, Aodne Valland og Dovydas Drungilas. Håvard var lagleiar.
Kestutis vart årets lagspelar i avdelinga med 97 poeng. Han vann samtlege kampar både i singel og dobbel! Håvard vart nummer to med 83 poeng.
1 5. divisjon avdeling VN vart Hardanger 4 nummer to blant dei fire laga. Laget vann seks kampar, spela to uavgjort og tapte fire. Dette gav 14 poeng. Kampkvoten var 62-58.
Seks spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Aodne Valland, Lars Henrik Mo, Dovydas Drungilas, Antanas Budzius, Felix van der Leest og Levi Mong. Aodne var lagleiar.
Aodne vart årets lagspelar i avdelinga med 71 poeng. Lars Henrik vart nummer to med 64 poeng.
Hardanger 3 enda sist i same avdeling. Laget vann tre kampar, spela to uavgjort og tapte 7 kampar i ei svært jamn avdeling. Dette gav 8 poeng. Kampkvoten var 51-69.
Fem spelarar har spela på laget i løpet av sesongen; Jannik Huttenlocher, Sandar Lyssand, Gustav Korshavn Vikesdal, Jeannette Huttenlocher og Obaida Taha. Jeannette var lagleiar.
Jannik vart nummer fire i kåringa av årets lagspelar i avdelinga med 51 poeng. Sandar vart nummer fem med 49 poeng.
Hardanger BTK er godt nøgde med seriesesongen, og me ser fram til nye spennande kampar i seriesystemet neste sesong!